Velkommen til Bømlo Kystlag si side!

Bømlo kystlag vart stifta i 1994 og har i dag 60 medlemmar

Bømlo Kystlag er eitt av 117 lokale kystlag som er tilknytt Forbundet KYSTEN, med over 9500 medlemmar.

Bømlo Kystlag disponerar “Canalvogterboligen” i Kulleseidkanalen midt på Bømlo. I “Canalvogterboligen” har me medlemsmøter, årsmøter etc. Me har klubbkveld kvar måndag klokka 18:00 på Lyngneset. Bømlo har mykje kystkultur og historie å by på, i tillegg til ein fantastisk skjergard. Kystlaget sitt formål er å ta vare på kunnskap, handverk, historie og tradisjonar tilknytt den lokale kystkulturen. Laget har også ei ungdomsgruppe som m.a. mekkar motorar.
Laget eig føljande båtar: To tradisjonsbåtar, ein færing og ein kyrkjebåt frå Børøy som skriv seg tilbake til 1870-åra. Kyrkjebåten blei seinare ombygd til notbåt, og laget har gitt den namnet EMANUEL, etter givaren Emanuel Habbestad. Kystlaget eige også motorkutteren SØRVÅG på 38 fot. SØRVÅG er byggd i 1982 og er den siste kutteren som er bygd i Noreg for fiskeri. Kutteren er i topp stand og blir brukt til turar og kystkulturarrangement rundt om. Det største fartøyet laget eige er fiskeskøyta GULØY på 50 fot. Dette er ein båt med mykje bømlahistorie. Den høyrde heima ute på Hiskjo frå den var ny i 1937 til 1965. Skøyta vart også ombygd til dagens utsjånad på Bømlo i 1955. Bømlahistorie finnes også i “kjellaren” ombord i GULØY, der står ein 40 hesters Wichmann frå M.Haldorsen & Sønner på Rubbestadneset. GULØY fekk formell Vernestatus hjå Riksantikvaren i 2011. Kystlaget er i tett dialog med Riksantikvar og Hardanger Fartøyvernsenter om og setja i stand GULØY til sin fordoms prakt.

Vil du vera med og bevara Bømlo sin rike kystkultur, er du hjarteleg velkommen som medlem!

Posted in Uncategorized

Leave a comment

In Archive